Bakkelidgrenda Barnehage

Bakkelidgrenda Barnehage Bakkelidgrenda barnehage - klart vi kan! Bakkelidgrenda barnehage er ein privateigd barnehage, som ligg i solfylte bakkar på Vereide.

Vi har to avdelingar; Rumpetrolla (0-3år) og Skogstrolla (3-6år). SATSINGSOMRÅDER:
Våre satsingsområder er fysisk aktivitet og helse, arbeid med språkutvikling og sosial kompetanse. Dette er områder det vert arbeidd med dagleg gjennom heile året. I tillegg kjem ein del andre områder som det vert arbeidd med i periodar. Gjennom fysisk aktivitet og helse legg vi ekstra vekt på friluftsliv gjennom a

ktivitetar som skoggruppe, tilvenning til vatn, tur og arbeid med entreprenørskap gjennom kjøkkenhagen. Gjennom dette får barna oppleve meistring og slik får dei auka sjølvkjensle til å kunne ta nye og større utfordringar (Osnes et al., 2010). Vi ynskjer at barna skal sitte igjen med glede, meistring, fellesskapskjensle, venskap og ei tilhøyrsle til naturen, uteområdet og uteleik. Gjennom arbeid med språkutvikling og sosial kompetanse arbeidar vi med Snakkepakken, Syngande barnehage og språkleiken BRAVO. Vi har eit personal som er bevisst si rolle i barnehagen med fokus på relasjonar, empati og å vere deltakande saman med barna. Vår visjon er "KLART VI KAN!"
Med utgangspunkt i dette ligg der ei haldning til at vi er positive og kan få
til akkurat det vi vil. I samarbeid mellom barn, foreldre og personalet skal
barnehagekvardagen leggjast til rette for kvar einskild på best mogleg måte så
dei får oppleve meistringsglede.

Adresse

Liavegen 39
Sandane
6823

Åpningstider

Mandag 07:25 - 16:25
Tirsdag 07:25 - 16:25
Onsdag 07:25 - 16:25
Torsdag 07:25 - 16:25
Fredag 07:25 - 16:25

Telefon

+4795809045

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Bakkelidgrenda Barnehage legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Bakkelidgrenda Barnehage:

Del