Tysnes gjev meirsmak

Tysnes gjev meirsmak Din guide til gode opplevingar på Tysnes - heile året! Sjå nettsida for meir info.

Rundar av ein flott nasjonaldag med dette grøne og skjønne bildet frå Lunde, der flagget har vaia stolt på Varhaugen. 🇳🇴...
17/05/2026

Rundar av ein flott nasjonaldag med dette grøne og skjønne bildet frå Lunde, der flagget har vaia stolt på Varhaugen. 🇳🇴

Håpar alle har hatt ei fin 17. mai-feiring! ❤️

📸 Øystein Vaage

Hugs sesongopning på Årbakka Handelsstad neste laurdag, 23. mai kl. 12.00-16.00. 😍 Det blir nye kunstutstillingar i Sjøb...
14/05/2026

Hugs sesongopning på Årbakka Handelsstad neste laurdag, 23. mai kl. 12.00-16.00. 😍

Det blir nye kunstutstillingar i Sjøbua, marknad på kaien, vaflar i Krambua og alt som høyrer til denne nydelege plassen. ❤️

Handelsstaden er open også 1. og 2. pinsedag. Deretter blir det som vanleg ope laurdag-søndag heile sommaren. Berre å gleda seg. 😊

📸 Øystein Vaage

Me vil varmt anbefala både tysnesingar og ferierande å få med seg det som skal skje i Tysneshallen 19. og 20. juni. 😀🎭 D...
12/05/2026

Me vil varmt anbefala både tysnesingar og ferierande å få med seg det som skal skje i Tysneshallen 19. og 20. juni. 😀🎭 Då framfører Tysnes Teaterlag eit nytt spel med lokalhistorisk forankring.

«Anne Knutsdotter» er ei musikalsk familieframsyning om jenta som budde på ein plass der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Du har sikkert høyrt den folkekjære visa med same namn – visste du at teksten stammar frå spelstykket «Han har det strengt» frå 1865, skrive av bergensaren Claus Pavels Riis, som på den tida levde som proprietær på Tysnes? 🎶

Det er nokså brei einigheit om at Riis fann inspirasjon til teksten frå husmannsplassen Heio under garden Berge i Vattedal på Onarheim. Og dermed er det veldig stas at teaterlaget no gjev nytt (scene)liv til jenta som truleg var inspirasjonen for visa, og tar oss med på ei reise tilbake i tid. ✨

Spelet «Anne Knutsdotter» er skrive av Knut Rage og omarbeidd til teater av Frøydis Flotve. Musikken er komponert av Knut Vaage, og musikalsk leiar for framsyninga er André Eide.

🎟️ Billettar kan kjøpast hos TicketCo og i følgjande butikkar: Tysnes blomster og interiør, Joker Onarheim og Joker Uggdal.

Del gjerne. 😊

Skal du feira 17. mai på Tysnes? 😀 Då vil me gjerne tipsa deg om at:🇳🇴 Du kan starta dagen med ein fin og stemningsfull ...
09/05/2026

Skal du feira 17. mai på Tysnes? 😀 Då vil me gjerne tipsa deg om at:

🇳🇴 Du kan starta dagen med ein fin og stemningsfull frukost på OnarTun, der Onarheim og Tveit bygdalag lagar til ein nydeleg frukostbuffe. Obs, påmelding innan 10. mai.

🇳🇴 Vakre og herskapelege Haaheim Gaard har ope for lunsj og middag. Dagens tre-rettar blir pastinakk- og eplesuppe, ytrefilet av lam og surmjølkspudding.

🇳🇴 E.H. Vaage har ope med sal av smørbrød og kaker. Badstu og whirlpool bath (nytt tilbod) er også ope for booking.

🇳🇴 Mandeluset ladar opp til nasjonaldagsfeiring med besøk av musikaren Tony M. 16. mai. 17. mai har dei tradisjonen tru ope hus med god stemning og lekker mat. I tillegg til den vanlege menyen byr dei på rømmegraut og ein herleg tre-rettar.

📅 Meir info om alt dette + program for feiring i bygdene finn du i kalenderen på nettsida vår (sjå lenke i kommentarfeltet).

📸 Yvonne K. Eilertsen () 😍

06/05/2026

I tilfelle nokon lurer: Det er klar bane frå Myrdal til Tysnessåto. 😁

🍕 I same slengen passar det fint å minna om at Myrdal gard no har ope laurdag-søndag kl. 12.00-18.00.

God tur! 🥾

📽️ Øystein Vaage

04/05/2026
No har me gått inn i mai månad – og med det kjem faste opningstider hos Tveitakjerring. 🐐🧀🌿 Gardsbutikken hennar er kans...
01/05/2026

No har me gått inn i mai månad – og med det kjem faste opningstider hos Tveitakjerring. 🐐🧀🌿 Gardsbutikken hennar er kanskje den minste i Noreg – men smakane du får med deg heim er alt anna enn små! 😀 Ope torsdag til søndag kl. 10.00–19.00.

Denne helga kan du få tak i:
• "JENS’N" – ein godt moden kvitost (7 mnd)
• "MJUK KJERRING" – ferskost

Neste helg kjem salatosten "TVEDTA" i butikken, og mot 17. mai blir "SKODDA" (camembert) salsmoden. Ta turen til Tveit og støtt ein dyktig småskalaprodusent som me er svært glade for å ha på øya vår. 🥰

Har du ein favoritt-ost hos Tveitakjerring? Del gjerne i kommentarfeltet. 👇

Klar for langhelg på Tysnes? 🌞 Viss du lurer på kva serveringsstader og attraksjonar som har ope, så er det berre å kikk...
30/04/2026

Klar for langhelg på Tysnes? 🌞 Viss du lurer på kva serveringsstader og attraksjonar som har ope, så er det berre å kikka innom vår oppdaterte oversikt:

www.visittysnes.no/opningstider

Kjekt om du spreier ordet, så flest mogleg finn fram til dei gode tilboda øya vår har å by på. 😁🍴

Tåkehav over Onarheimsfjorden i dag tidleg. 😍 For eit syn! 📸 Takk til Gerald Kuderski for lån av bilete.
30/04/2026

Tåkehav over Onarheimsfjorden i dag tidleg. 😍 For eit syn!

📸 Takk til Gerald Kuderski for lån av bilete.

Du har kanskje høyrt rykte om dei gode kanelflettene som blir selde på Meirbruk i Våge dei fleste laurdagar? Her er den ...
28/04/2026

Du har kanskje høyrt rykte om dei gode kanelflettene som blir selde på Meirbruk i Våge dei fleste laurdagar? Her er den blide og flinke dama som står bak! 🥰

Nicole driv det vesle firmaet Heimalaga av Robles frå huset sitt i Myrdal, og i tillegg til å ha utsal av bollar på Meirbruk tek ho imot bestillingar frå både privatpersonar og bedrifter. 👌 Det kan vera bakverk til konfirmasjon, bursdag, fest eller rett og slett til å ha på lur i frysen.

Hos Nicole kan du til dømes bestilla brød, rundstykke, bollar og kaker. 🍞🍰 Ho likar å eksperimentera med ulike krydder og fyll, så om du har eit ønske litt utanom det tradisjonelle, tek ho utfordringa på strak arm. 💪 Gjennom året lagar ho sine eigne smaksvariantar av bollar etter sesong, frå påskebollar med appelsin og sjokolade om våren til peparkakebollar i desember. Alltid med rause mengder av dei råvarene som gjer bakverka saftige og ekstra smakfulle. 🤤

Kommenter gjerne om du allereie har smakt noko av det Nicole bakar. ❤️

God helg, alle saman. 😀❤️ Håper du er på Tysnes – eller skal hit snart!
24/04/2026

God helg, alle saman. 😀❤️ Håper du er på Tysnes – eller skal hit snart!

Adresse

Tysnes
5680

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Tysnes gjev meirsmak legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Tysnes gjev meirsmak:

Del